– Nettbrett gir så mange moglegheiter

5. klassingane på Nordpolen skole i Oslo har for fyrste gong fått nettbrett som læringsmiddel. Og dei er veldig nøgd med det.

– Det går mykje raskare å gjere lekser når ein brukar nettbrettet, seier Lilly.

– No har vi nettbrett og ei kladdebok i sekken, og vi slepp å drage mange bøker fram og tilbake, seier Juel.

– I tillegg til at leksa går raskare, så er nettbrettet med på å gjere skrivinga lettare også, seier Vetle.

Nettbretta gir fine og varierte arbeidsøkter

I timane brukar dei nettbretta. I tillegg har dei eit klassesett av fagbøker som dei av og til bruker. Det er ikkje slik at alle elevar har kvar si lærebok i alle fag. No er det nettbrettet og skrivebok som er det viktigaste arbeidsverktøyet.

– I ei arbeidsøkt kan ein gjere mykje variert når ein brukar nettbrett, seier lærar-Jonas.

– Og det er lettare å tilpasse kvar enkelt elev, legg han til.

I undervisninga merker Lilly, Vetle og Juel at dei ulike programma innanfor dei ulike faga er med på å gjere undervisninga kjekkare.

– Og så er det mykje enklare å redigere ein tekst på nettbrett, seier Juel.

– Alt er lett tilgjengeleg. Nettbrettet er eit viktig læremiddel som gir motivasjon til elevane. Når ein arbeider på brettet er det enkelt å lage fine produkt som gir sjølvtillit, seier lærar-Jonas.

(Saka held fram etter biletet.)

Freistinga til å bryte reglane er der

Elevane har klare reglar for nettbrettbruken.

Om ein går inn på andre ting (spel eller YouTube) i undervisninga får ein fyrst ein advarsel, forklarar Lilly. Skjer dette igjen blir nettbrettet tatt frå dei i 15 min. Om dette gjentar seg blir brettet låst inne på kontoret, og foreldra må kome å hente det.

– Elevane mine har vorte veldig flinke, men klart freistinga er der. Lærarar kjenner elevane godt, og vi ser fort dersom nokon ikkje jobbar med det dei skal, seier Jonas.

Sjølv om verken fagbøker, kladdebok eller blyant ikkje er heilt vekke er dei veldig nøgde med nettbrett i skulen. Skulle dei velje mellom å berre ha nettbrett eller bøker er svaret klart:

– Ja, takk begge deler!

For leseboka den har dei framleis i bokversjon.  Då kan dei blade og bli kjent med boka, og vite kor langt dei har kome i historien.

– Men når det kjem til tjukke bøker, liker eg å lese på nettbrett, seier Vetle. – På den måten gløymer eg at boka er tjukk, og eg får lese utan å tenke på at eg aldri blir ferdig.

Litt fakta…

Meir effektivt med nettbrett

Norske skular investerer hundrevis av millionar i nettbrett, men dei vil også bruke papirbøker i tillegg. Ein rapport utført av Bærum kommune frå 2017 viser at rektorar, lærarar og elevar er samde om at læring er meir effektiv og at dei samarbeidar meir no enn før nettbrettet blei brukt i undervisninga.

Det er også lettare å tilrettelegge undervisninga til kvar enkelt elev.

Læreplanen legg framleis opp til at eleven skal ha ein funksjonell handskrift.

Éin av tre elevar bruker nettbrett i skulen

Fortsatt er det eit fleirtal som ikkje har nettbrett i skulen. Det viser ei undersøking på nynorske skular som Framtida Junior gjennomførte i fjor vår. Då var det 22 prosent av alle lærarane som brukte nettbrett med elevane i fleire gonger i veka. Men 66 prosent av elevane brukte ikkje nettbrett i skulen.