DEL 1: Kven forureinar mest?

BY: Diana, Mulan, Victoria og Naphali bur i Oslo. Når dei høyrer orda klima og miljø dukkar ord som plast, storby med industri, trafikk, forureining og havet opp. Dei veit at dei kan vere med på å gjere framtida betre.

Transport i storbyen

I byen kan du velje mellom-bane, trikk og buss. Og bilen blir som regel aldri brukt.

– Eg tek mykje T-bane, seier Naphali.

– Om sommaren går eller syklar eg, men om vinteren blir det buss eller trikk, seier Diana.

Foreldra har bil, utanom foreldra til Naphali og Diana.

– Pappa er med i noko som heiter nabobil, der han låner ein bil dersom det trengst, men det er sjeldan, seier ho.

  • LES OGSÅ: BYGD – Dette gjer vi
  • LES OGSÅ: Konklusjon – kven forureinar mest

Kjeldesortering

Dei er alle gode til å kjeldesortere. I Oslo er det ulike posar for sorteringa. Blå pose til plast, grøn pose til matavfall og så er det papir og restavfall som bosset blir delt inn i. Dette er noko dei gjer både heime og på skulen.

–  Men eg må innrømme at eg av og til har vore litt lat, seier Diana.

– Vi er opplært til å sortere bosset, seier Victoria.

Kva kan vi bli betre på?

Dei er samde om at dei må bli endå betre på kjeldesortering, og plukke søppel ute i naturen.

– Vi må ikkje smugforsøple, seier Mulan. – Vi må lære oss å bli flinkare til å bruke bossbøtter ute. Også plukke opp boss vi finn som ligg i naturen. Gjer ikkje vi det kan det ende i naturen, og dyr kan få i seg plasten.

Kvifor er det viktig å ta vare på miljøet?

Dei veit at det er dei som er framtida.

–  Vi skal ein dag ta over, og det er viktig å gjere ein forskjell allereie no – før det er for seint, seier Diana.

Dei er samde om at noko må gjerast.