Norske isbrear kan smelte bort

Isbrear krympar over heile kloden på grunn av klimaendringane. Norske gigantar som Jostedalsbreen og Folgefonna kan vere nesten borte om 80 år.

Breane trekte seg tilbake 33 meter i gjennomsnitt berre i fjor, då det vart sett ei lang rekke varmerekordar.

Det betyr at 2018 var eitt av åra med størst tilbakegang sidan målingane byrja.

Smeltinga i fjor føyer seg inn i ein trend som i Noreg byrja rundt tusenårsskiftet.

Sidan då har breane våre jamt over trekt seg tilbake.