Insekta blir utrydda i hurtig tempo

Insekta er viktige, og utan dei vil naturen klappa saman. Ifølgje ein rapport fell bestanden av insektartane med meir enn 40 prosent. I tillegg er ein tredjedel av alle insekt utrydningstruga.

Rapporten sin konklusjon er at vi tek for mykje plass.

Dette er årsaka til at insekta forsvinn:

  • Landbruket øydelegg den naturlege floraen.
  • Bruken av plantevernmidler og kunstgjødsel.
  • Utviding av bolig- og næringsområder.
  • Framande artar
  • Klimaendringa

Forfattarane bak rapporten skriv at vi bør vere bekymra, for insekta er hjartet i alle næringskjeder, skriv NRK.no

Dei pollinerar, resirkulerar og er mat for andre dyr. Dei held heile økosystemet i gang. Mennesket kan ikkje leve utan dei.

  • 1163 insektarter er truga i Noreg.
  • 92 av dei er kritisk truga.
  • 37 prosent av kritisk truga arter i Noreg er insekt.
  • Dei fleste truga insekta er biller og sommarfuglar.