Nytt fôr skal gjere ku-rap meir klimavenleg

Meir enn halvparten av klimagassutsleppa i norsk jordbruk kjem frå metangass. No meiner Tine ein ny type fôr kan gjere ku-rapen meir klimavenleg.

Det var NRK som først omtalte saka.

Saman med Nortura og Norges miljø- og biovitenskaplege universitet (NMBU) er Tine i gong med eit prosjekt der dei skal teste ut ein enzym-hemmar som kan gjere kua til ein mindre klimasyndar.

Meir klimavenleg ku

Ved å tilsette eit stoff i kraftfôret til kyrne, vil dei hemme enzymet som lagar metan i vomma på kua. Slik håpar dei å minske den negative klimapåverknaden ku-rap har.

Kua har fire magar

Kua har fire magar. Det er i den første og største av dei, i vomma, at metangassen vert laga. Bakteriar bryt ned graset kua har ete, og dannar metangass. Meir enn 90% av metangassen kjem ut som rap, resten som promp.