Har julenissen alltid hatt raude klede?

Det er faktisk ikkje så lenge sidan julenissen sine klede blei raude. Han har endra utsjåand mange gongar gjennom åra. For berre hundre år sidan framstilte folk han ofte i mørke kapper.

Under den amerikanske borgarkrigen (1861-1865) blei han teikna i bladet Harper’s Weekly som ein liten alveliknande skikkelse, skriv Historienet.no. I oldtida hadde julenissen ofte mørkeblå klede, fordi fargen symboliserer håp. Den raude drakta kom fyrst i byrjinga av det 20. århundre i USA. Santa Claus vart teikna med raud drakt med kvite pelskantar av Haddon Sundblom.

Haddon skulle teikne julenissen for Coca Cola på 1930-talet, og den jobben gjorde han så bra at han vart med på å bestemme ein gong for alle korleis ein moderne julenisse ser ut.