Heile klassen hjelper kreftsjuke Kevin

Kevin frå Bergen er kreftsjuk. No hjelper klassekameratane med å samle inn pengar til Kevin og familien, etter lang tid med alvorleg sjukdom.

Rundt nyttår 2017/2018 blei Kevin plutselig veldig sjuk. Noko var gale med blodprøvene. Han hadde fått ein alvorleg form for beinmergskreft.

Han blei gåen og låg ofte stille utanfor klasserommet og følte seg dårleg. Han var kvit på hendene. Og han klarte ikkje å springe ute i friminutta, seier Julie.

Vi spurte om han ville bli med å leike, men han sa nei, fordi han var så sliten, seier Leander.

Han gjekk inn til Ingunn, læraren, og viste dei kvite fingrane han hadde, minnast Pernille.

Og etter ei stund fekk vi vite at han hadde fått kreft.

3B: Alle i klassen håper på at dei får samle inn over 200 000 kroner som kan vere god hjelp til Kevin si familie. Foto: Ragnhild Grov Nilsen

Har lært mykje om kreft

Åsmund og Lars fortel at dei har lese mange bøker om kreft, sett skodespel og snakka mykje med læraren om kreftsjukdomen.

Og så har vi teikna blodet hans på tavla. Han har mykje av det kvite blodet, og ikkje like mykje av det raude blodet – slik som vi har, seier Leander.

Klassen fekk ein robot

3B saknar Kevin og skulle ynskje han kunne vere saman med dei i klasserommet.

Det er kjedeleg at han blei sjuk like etter han starta på skulen. Han fekk så vidt begynt, seier Julie.

Eg trur han må kjede seg, for han kan ikkje vere vere saman med så mange. Han kan ikkje bli forkjøla, for han har ikkje immunforsvar. Det er veldig dumt og trist at han ikkje kan vere saman med oss på skulen, seier Leander.

Men sjølv om Kevin ikkje kan vere fysisk til stades er han der som ein robot. 3B har nemleg ein robot, som gjer at Kevin kan vere med i klasserommet og på det daglege som han ellers går glipp av når han ikkje er på skulen.

Det er eit raudt lys på hovudet som lyser når Kevin er med.

Han kan sjå oss, men vi kan ikkje sjå han.

PANTEMEISTRAR: Fram til no har 3B klart å samle inn over 35 000 kroner på å samle inn tomflasker. Frå venstre: Lars Grov Grimsland med roboten, Åsmund Haugsvær-Holst, Leander Eik, Pernille Elida Larsen og Julie Skorve. Foto: Ragnhild Grov Nilsen

Samlar inn tomflasker

No har klassen samla inn pengar til familien. På grunn av sjukdomen har det blitt vanskeleg økonomisk.

Vi har så langt samla inn tomflasker for over 50.000 kroner, og i tillegg har det kome inn nesten 90.000 kroner på ei spleiseside på internett, fortel Åsmund og Lars.

Elevane har også hatt ein støttekonsert for Kevin, der dei samla inn pengar.

 

Roboten er med på å pante flaskene. Foto: Ragnhild Grov Nilsen