12 spennande fakta om helleristingar

Helleristingar kan hjelpe oss å forstå korleis folk tenkte for fleire tusen år sidan. Kven lagde dei, og kvifor?

Vi må 2500 år tilbake i tid for å finne svar, ifølgje Ung.forskning.no:

  • Dei eldste helleristingane i Noreg er 11 000 år gamle.
  • Helleristingar er bilete av menneske, dyr, ting eller symbol som er hogd eller rissa inn i stein.
  • Forskarane er litt er ueinige om kvifor folk laga helleristingar. Nokon trur dei er eit slags beskjed-skilt.
  • bjorgans / CC BY 2.0 / Flickr

    Nokon trur menneska som levde i bronsealderen ville vise seg fra, for andre og markere revir. Det betyr at dei ville vise kva som tilhøyrde dei.

  • Det trur forskarane fordi det er mange tusen helleristingar i viktige beiteområde for dyr. Og beitedyr var svært viktige for bronsealder-folk.

 

LES MEIR: Helleristingar er nesten som skulebøker og instagram

  • Store dyr var viktige for folk i steinalderen. Difor er det mykje elg, hjort og rein i helleristingane. Ein del av bileta viser korleis dei jakta på dyra.
  • Viss du skulle skaffe mat for 7000 år sidan, måtte du jakte eller fiske. Forskarane trur det er difor dei teikna det – fordi det var så viktig å kunne.
  • Helleristingar var litt som skulebøker. Bileta kunne lære barn og unge korleis dei skulle jakte.
  • Nokon lagde helleristingar for å sende meldingar til åndar dei trudde var i naturen.
  • Ein del helleristingar kan sjå ut som skrytebilete. Då har dei laga bilete av store dyr.
  • Forskarane ser sjeldan helleristingar av små dyr. Det er ofte elg, rein, bjørn og hjort, og stor fisk som kveite og laks.

 

(Ung.forskning.no, Jan Magne Gjerde og David Vogt)

Send inn!

Please enter your comment!
Please enter your name here