Penelope Lea (14) vann Frivillighetsprisen

Penelope er aktiv medlem i Miljøagentane og leiar i Barnas Klimapanel. Så engasjert at ho vann ein stor pris.

Faktaboks

Miljøagentane: Ein miljøvernsorganisasjon for barn.

Frivillighetspris: Ein pris som delast ut kvart år, 5. desember. Prisen går til ein person som har utmerka seg med frivillig innsats.

FNs toppmøte: Eit årleg møte der klima- og miljøministrar frå land som har slutta seg til klimakonvensjonen, møtast og forhandlar på vegne av landet dei kjem frå.

LES FAKTALUKK FAKTA

Penelope Lea er den yngste som har vore nominert til frivillighetsprisen. Ho var ein av åtte finalistar, og no har det norske folk stemt henne til topps i konkurransen.

For ikkje lenge sidan heldt ho appell utanfor Stortinget. 

-Vi her heime i Noreg som er mette, trygge og varme og har ein stad å bu, kan gjere meir for klimaet enn dei som bur i fattige land og som har mindre ressursar enn oss, fortel ho.

– Eg var så glad. Det er veldig fint at barn blir nominert. Det er vi som skal arve jorda og er framtida, sjølv om vi ikkje har stemmerett før nesten ti år har gått.

Starta tidleg

Penelope held appell utanfor Stortinget. Foto: Beate Haugtrø

Da Penelope Lea var åtte år, meldte ho seg inn i Miljøagentane, barnas klimaorganisasjon. Ho såg i avisa korleis ein snakka om framtida, og om korleis det stod til med jorda.

Ho byrja også å legge merke til at mange menneske
rundt henne, både venner og folk ho las om eller såg på tv, engasjerte seg og
brann for noko.

– Alle som brenn for noko, det synest i ansiktet på ein, og eg trur det smittar, seier ho.

– Eg skjønte at eg ikkje kunne vente med å gjere ein innsats til eg vart vaksen.

Med på klimatoppmøtet

Då ho var tolv år vart ho med i Barnas Klimapanel.

Barnas klimapanel samlar informasjon frå miljøengasjerte barn i heile landet, og kvart år lagar dei ein rapport med fem hovudtema som barna er opptatte av og gir det vidare til politikarane som bestemmer.

I fjor var ho med på FNs Klimatoppmøte saman med dei andre barna i klimapanelet.

10.-14. desember reiser Penelope og resten av Barnas Klimapanel til FNs internasjonale klimaforhandlingar i Polen.