Penelope Lea (14) er nominert til Frivillighetsprisen

Engasjementet til Penelope er så stort, at no er ho nominert til «Frivillighetsprisen», saman med sju andre finalistar. Ho er den yngste nokon gong som har vore nominert.

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen har akkurat sagt sitt, og no er det Penelope Lea (14) frå Miljøagentane, barnas miljøorganisasjon, som snakkar, skriv Framtida.no.

Penelope held appell utanfor Stortinget. Foto: Beate Haugtrø

Då Penelope var åtte år meldte ho seg inn i Miljøagentane, barnas klimaorganisasjon. Ho såg i avisa korleis ein snakka om framtida, og om korleis det stod til med jorda.

Ho byrja også å legge merke til at mange menneske rundt henne, både venner og folk ho las om eller såg på tv, engasjerte seg og brann for noko.

 

Heldt tale då ho var ni år

– Eg skjønte at eg ikkje kunne vente med å gjere ein innsats til eg vart vaksen.

– Alle som brenn for noko, det synest i ansiktet på ein, og eg trur det smittar

Så Lea vart på ein måte smitta av engasjementet til alle ho såg rundt seg. No smittar hennar eige engasjement over på andre.

Da ho var nesten ti år, så heldt ho sin første tale på Natur og Ungdom sin landsleir, gjennom Miljøagentane. Og da ho var tolv, så vart ho med i Barnas Klimapanel, saman med sju andre barn.

Skal arve jorda

No er ho nominert til «Frivillighetsprisen», som den aller yngste nokon gong.

– Det var veldig fint. Eg vart så glad. Det er så veldig fint at nokon barn blir nominert. Det er vi som skal arve jorda, sjølv om vi ikkje har stemmerett før nesten ti år har gått. Eg er veldig glad fortsatt.

Penelope trur det er håp for jorda vår.

– Ja! Det trur eg. Vi må jo berre tru det er håp. Ellers går det iallfall ikkje. Og kvar gong eg møter menneske som er engasjerte i noko og brenn for noko så er det eit håp i meg som blir tent. For vi er jo så mange, seier Lea.