Kan vi håpe på eit ungdomsopprør?

Ny kunnskap om kva som skjer med kloden er dramatisk. I Australia har det blitt ungdomsopprør for klimasaka.

Dei siste to åra har klimarådgjevar og tidlegare FN-direktør, Svein Tveitdal reist rundt på 70 norske skular saman med forfattar Sigbjørn Mostue. Der har dei snakka med nesten 15 000 elevar i regi av Den kulturelle skulesekken, og prata om kva som skjer med natur og klima, og kva vi kan gjere for å redde kloden.

Konkrete dømer på kva klimaendringane fører til

  • Klimapanelet sin 1,5°C-rapport seier at vi kan spare halvparten av korallreva om vi klarer å begrense oppvarminga til 1,5 grader, men at alle vil døy om vi passerer to.
  • WWF rapporterer at den sjette masseutryddinga er godt i gang og at bestanden av ville dyr er redusert med 60 prosent sidan 1970.
  • FN sitt miljøprogram seier landa må tredoble ambisjonsnivået om vi skal stogge den globale oppvarminga på to grader, men femdoble det om vi skal redde halvparten av korallreva.

Svein Tveitedal skriv at han ikkje kjenner nokon ekspertar som trur vi kan stogge opvarminga på 1,5 grader. Dette er kunnskap som elevar ikkje har og dei vert både redde og sinte når dei høyrer om det. Svein seier at eit ungdomsopprør må nok til for å unngå dei verste konsekvensane av behandlinga vi utset kloden for.

Elevstreik i Australia

Førre fredag skjedde noko liknande i Australia. Tusenvis av skuleelevar streika over heile landet for klimasaka.

Her er nokre av kommentarane frå elevar omsette frå engelsk frå oppslag i The Guardian:

Jean Hinchliffe (14), Sydney: «Dette er vår første streik – vår første handling. Og det er berre byrjinga. Vi vil halde fram til noko er gjort.»

Lucie Atkin-Bolton (11), Forest Lodge: «Når barna rotar, ber vaksne oss å rydde opp, og det er rettferdig. Men når våre leiarar rotar, overlèt dei til oss å rydde opp.»

Statsministeren i Australia var på bana og ba elevane vere i klasserommet i staden for å protestere mot saker som kan behandlast utanfor skulen.

Saka var først publisert hjå Energi og Klima.