Røros måtte få snø frå flyplassen for å skape julestemning

– Dette har aldri vore eit problem før. Vi plar å ha meir snø på denne tida, seier Odd-Arne Osflaten, utstillar- og trafikkansvarleg for Røros julemarknad

Odd-Arne er skuffa over lite snø før årets julemarknad, skriv NRK.

Denne veka er det nemleg cirka 20.000 folk som kjem til å besøke den tradisjonelle julemarknaden.

Vil ikkje ha kunstsnø

Natt til tysdag fekk gatene litt snø, men det var ikkje nok til å byggje snøscenen som er blitt ein viktig tradisjon. Kunstig snø var ville dei ikkje ha.

Men, flyplassen på Røros måtte brøyte vekk ein heil haug med snø som hadde lagt seg på rullebana. Så, julemarknadkomiteen reiste for å hente snøen. Avinor, som driv flyplassen, lasta snøen på lastebilen heilt gratis. Heile sju lass med snø blei frakta frå flyplassen til sentrum. Så då blir det snøscene!