Spurte verdas beste fotballspelar om ho kan twerke

Då Ada Hegerberg fekk prisen som verdas beste fotballspelar, fekk ho eit spørsmål frå DJ Martin som mange har reagert sterkt på. 

DJ Martin spurte: Kan du twerke?

Ada svara: Nei.

Dumt og frekt

Ada Stolsmo Hegerberg vann Gullballen. Dominique Mallen/Wikipedia/CC BY-SA 2.0

Når nokon twerkar betyr det at dei dansar ein dans der dei ristar veldig på rumpa. Etter showet er det mange som har sagt at dei meiner det var eit dumt og frekt spørsmål.

Den mannlege vinnaren blei ikkje spurt om å twerke. Difor er det mange som meiner at det er for mykje fokus på kvinner sin kropp og utsjånad. I staden for alt det flotte kvinner gjer. 

DJ Martin Solveig har sagt unnskyld.