6. desember

I dag er det Sankt-Nikolas-dagen. Minndagen til den aller fyrste nissen.

DEN FYRSTE “NISSEN”?Dette er eit ikon av Nikolas. Eit ikon er eit religiøst bilete. Bilete: Wikipedia

Den heilage Nikolas var biskop i Myra i Lykia. Han døde midt på 300-talet. Nikolas vart kjend som biskopen som hjalp fattigfolk med gåver.

Nikolas blei heidra som helgen kort tid etter sin død, noko som gjorde at han aldri blei gløymt.

Fjøsnissen

Nissane vi har no i dag er inspirert av den norske Fjøsnissen. Dette var ein nisse som budde på gardar her i Noreg. Det var ein liten mann med langt skjegg, grå klede og raud nisselue. Fjørsnissen hjelpte til på garden og passa på dyra.

Fjøsnissen kunne gjere ugagn om han ikkje fekk mat og rett stell.

Coca-Cola-nissen

Pixabay

Nissen, som mange kanskje kjenner som “dagens nisse”, er inspirert av ein drikke som du sikkert har drukke. Nemleg Cola. Coca-Cola-nissen blei kommersiell, altså allemannseige, på 1920-talet. Då blei nissen meir og meir slik som vi kjenner han i dag. Ein tjukk, gamal mann med lang raud frakk med kvit pelskant.

Trur du på nissen?

Trur du på nissen?

Ja75
Nei182
Veit ikkje13
Svar totalt: 270