Olene (10) og Eileen (11) intervjua forfattaren bak Snillionen

Arnfinn Kolerud skriv nokre av dei mest morosame bøkene i Noreg. Framtida Junior møtte han på den store Falturiltu-festivalen.

Nokre morosame og spennande bøker frå Arnfinn Kolerud:
  • Snillionen
  • Jakta på Andy Anderssons Eftf
  • Zoomarferien
  • Den som ikkje har gøymt seg no
  • Berre ikkje brøyteplogen kjem
LES FAKTALUKK FAKTA

Kven er det kjekkast å skriva for; vaksne eller barn?

– Eg synest det er kjekkast å skriva for ungar, fordi då veit eg at etterpå skal eg reisa på skulebesøk og treffa elevar.

Kva er kjekkast å vera, barn eller vaksen?

– Eg syntest det var kjekkast å vera barn. No er det så mykje ansvar, og huslån og medisinar og sånne vaksne ting å bekymra seg over, seier Arnfinn Kolerud.

Måndag 5. november fylte han 50 år.

– Det er dei som seier at alder berre er eit tal, men eg må jo opp om natta no for å tisse, og det måtte eg ikkje då eg var 40, så eg trur eg føler meg om lag som 50, sikkert.

Kva lurt veit du i dag, som du ikkje visste då du var 11 år?

– Oi! Det er ganske mykje. Eg veit litt om pengar. Då eg var 11 år, så visste eg ikkje at det fanst pengar, men no veit eg at det kjem pengar både inn og ut. Det er morosamme pengar som kjem inn, og litt kjedelegare pengar som skal ut.

Held du på med ei ny bok?

– Ja, eg held på med to bøker: éi for barn og éi for vaksne.

Kva tid kjem dei?

– Eg skriv jo seint, då, så det kan godt vera at det går 2-3 år før dei kjem. Og det er ikkje sikkert at eg får dei til så bra som eg vil, så eg veit jo ikkje om dei kjem i det heile tatt. Det er jo usikkert.

Kva ler du av?

– Eg ler mykje av norske barnebøker. Eg synest det er mykje morosamt der. Men eg kan òg le av gamle damer som ramlar på isen, så sant dei ikkje skadar seg stygt. Det treng ikkje vera så avansert humor.

Korleis kjem du på alle historiane dine?

– Dei kjem av seg sjølv. Det er berre til å setja seg ned og skrive ei setning, og då kjem ei setning til. Og så kjem den eine setninga etter den andre. Så det er nok det at eg har blitt vand med å sitja og skriva, og at ideane berre kjem etter kvart. Men eg får ingen idear viss eg sit i ein stol eller går tur eller noko. Eg må setja meg ned og skriva for å få idear.

Bruker du folk du kjenner i bøkene dine?

– Dei eg kjenner påstår at eg gjer det, men eg gjer nok ikkje det. Men dei påstår at dei kjenner seg att.

Kva ville du gjort viss du hadde vunne 24 millionar kroner?

– Eg ville reist til Italia. Eg ville ikkje kjøpt meg ein Lamborghini og jålete bilar eller sånne ting. Nei, eg ville ha reist og ete god mat på altfor dyre restaurantar og sånt.