Bokbada ein av Noregs løgnaste forfattarar

Klasse 6A ved Leirvik skule var ein av dei heldige klassane som fekk bokbada Arnfinn Kolerud på Falturiltu.

– Er det greitt å tissa i bassenget?

Maria Lovise Vik pøsar ut med spørsmål til Arnfinn Kolerud. Forfattaren svarar så godt han kan at det greitt å tissa i sjøen, men ikkje i bassenget.

Ole Knut Urdal Gramstad og Rasmus Nybø Kaldestad er òg med på å intervjua forfattaren av den prisløna boka Snillionen på Falturiltu-seminaret i Stord kulturhus.

– Kvifor skreiv du boka? spør Ole Knut Urdal Gramstad.

– Eg merkar ofte eg blir irritert når eg høyrer om kjente folk som bruker altfor mykje pengar på tull. Sånn som fotballspelaren Ronaldo som nettopp har kjøpt ei klokke til 21 millionar kroner. Då tenkjer eg det er egoistisk og dumt.

Håpar på ny bok

– Og kanskje òg fordi no har eg tippa i nesten 40 år, og eg har aldri blitt rik. Eg vann 300 kroner éin gong – det er det meste. Så for å finna ut korleis det er å vera millionær, så måtte eg skriva om det.

– Ville du bli forfattar då du var liten?

– Nei, det trur eg ikkje eg tenkte på, men eg likte veldig godt å lesa bøker og skriva stilar.

– Me kunne godt tenkt oss ei Snillionen 2-bok. Kjem den?

– Nja. No har dei berre brukt opp den eine av dei 24 millionar kronene, men eg likar eigentleg ikkje å skriva bøker i seriar. Eg likar best å begynna på nytt med nye folk.

Ny metode

Kristine Thorkildsen fortel at Stord folkebibliotek har hatt tre møte med 6.klassen ved Leirvik skule. Der har dei snakka om forfattaren, og kva spørsmål som kan vera lure å stilla forfattaren. Bokbad-metoden deira er utvikla av Foreningen Les.