– Vaksne bannar på engelsk for at barna ikkje skal lære det

Vi har snakka med Erle (12), Marlin (12) og Unar (12) om kva dei tenkjer om banning. Kva ord er greitt å bruke når ein vert sint?

Erle Hjelvik (12):

FOTO: Janne Nerheim

Kva tenkjer du om banning?

Banning er viss nokon sleng ein skitkommentar til deg. Det er ikkje greit. Eg bannar ikkje så mykje. Men eg kan kome til å gjere det viss eg blir veldig irritert på noko eller sint.

Kva ord er greitt å bruke når ein vert frustrert/sint?

Søren er greitt. Det er liksom ikkje så stygt.

Kva ord er ikkje greitt å bruke?

Svarte, stygge ord. Eg vil ikkje seie dei.

Er det skilnad på å bruke engelske ord og norske ord?

Ikkje så veldig. Det er ikkje greitt å banne på engelsk heller. Vi veit jo kva det betyr.

Er det mykje banning i klassen din?

Det spørst. Det var meir banning før på barneskulen. Men det har roa seg.

Kor lærer du banneord?

På TV seier dei jo all slags. I klassen lærer ein også ulike ord. Dei vaksne rundt meg bannar ikkje noko særleg.

Marlin Handeland Ekornrud (12):

FOTO: Janne Nerheim

Kva tenkjer du om banning?

Banning er stygge ord. Folk bannar ofte, men eg er ikkje alltid sikker på at dei veit kva dei eigentleg seier. Eg synest ikkje det er greitt.

Kva ord er greitt å bruke når ein vert frustrert/sint?

Det er greitt å bruke fader. Det seier eg viss eg blir sint eller slår meg. Eg brukar ikkje banneord ellers.

Kva ord er ikkje greitt å bruke?

Eg tenkjer at helvete og faen er verst. Det høyrer eg berre av og til.

Er det skilnad på å bruke engelske ord og norske ord?

Det er like gale på engelsk. Det har ingenting å seie kva språk det er på. Vi skjønar jo engelsk. Folk meiner kanskje det høyrest verre ut på norsk enn engelsk. Men det er ikkje greitt uansett.

Er det mykje banning i klassen din?

I 5. og 6. klasse var det skikkelig mykje banning, men no høyrer eg ingenting. Det er veldig bra. Dei vaksne har sagt til klassen at det ikkje er ok. Eg trur kanskje vi bannar mindre no som vi blir eldre.

Kor lærer du banneord?

Vi lærer nok banneord av dei som er eldre. Eller vi høyrer det på skulen.

 

Unar Stenberg (12):

FOTO: Janne Nerheim

Kva tenkjer du om banning?

Banning er misbruk av ord. Skjellsord som er blitt ein vane. Før banna folk når dei sjølv gjorde noko gale, men no seier folk ofte stygge banneord om andre menneske.

Kva ord er greitt å bruke når ein vert frustrert/sint?

Du må tilpasse det til kven du snakkar med. Mamma blir irritert viss eg seier herregud eller fader. Det er greitt å bruke søren. Ellers seier eg av og til fader og herregud. Herregud er litt på grensa, synest eg. Det er jo religion. Eg prøver å ikkje seie det.

Er det skilnad på å bruke engelske ord og norske ord?

Eg trur ikkje det er forskjell på engelsk og norsk. Folk i Noreg kan jo engelsk. Men det er kanskje slik at vaksne bannar på engelsk, for at barna ikkje skal lære det. Men vi lærer det jo uansett.

Er det mykje banning i klassen din?

Det var meir før, men eg høyrer det ikkje så ofte no.  

Kor lærer du banneord?

Eg trur at ungar i 1. klasse lærer det av storesøsken. Så seier dei det på skulen, og så lærer dei andre i klassen det. Då blir det liksom kult å banne.