1000 banneord samla i ny ordbok

Språkforskar Ruth Vatvedt Fjeld ved Universitetet i Oslo har samla norske banneord i ei eiga ordbok. Banneordboka er den første i sitt slag, og kunnskap har ho blant anna henta frå tv-serien Skam.

– Desse orda har ikkje vore skrivne ned fordi dei har vore tabu, seier Fjeld til nettavisa Forskning.no.

For sjølv om ein del bannord òg står i vanlege ordbøker, er det mange som ikkje står der.

Engelsk banning

– No er det veldig populært å banne med engelske ord, seier Fjeld.

Banneorda har forskaren delt inn i fem kategoriar. Dei som handlar om Gud (herregud); om Jesus og djevelen (faen i helvete); sex (fuck, fitte); bæsj (drit, shit); og sjukdom og død (pokker – av sjukdommen koppar/poka).

Fjeld har òg sørgd for å gradere orda i tre trinn etter kor grove dei er. Ord som «asshole» er banning av tredje grad, slik Fjeld vurderer det. Mens det meir gamaldagse «død og pine» er gradert som av dei milde.

– Banning kan vera bra

Språkprofessor Finn-Erik Vinje er ein av dei som heiar på banning for barn.

– Eg kallar meg ein «venn av banning», har Finn-Erik tidlegare uttalt til God morgen Norge.

Han synest det er viktig at barn får gi uttrykk for sterke kjensler på same vis som dei snakkar om vakre og fine ting.

– Eg meiner ikkje at du ikkje skal ta hensyn. Dersom nokon rundt deg opplever at det som blir sagt er ekkelt eller støytande, då må du bruke fornufta di, seier han.

Ikkje alle er samde med han. Kva meiner du?