Mista fortanna og gjekk glipp av den største rolla

Vilma (8) har ein hobby som skil seg ut frå mange andre. I tillegg til å synge og danse, dubbar ho teiknefilmar som ho til og med tener pengar på.

MÅ LESE FORT: Når Vilma Jørstad-Jensen dubbar sit ho inne i eit studio heilt åleine og ser på to skjermar. Ein skjerm med teksten på replikkane, og ein annan som viser sjølve teiknefilmen. – Ein må lese veldig fort, seier Vilma.

Ho har mellom anna lagt stemma på bestevenninna i Rita og krokodillen på NRK Super, og som den tøffe jenta Vilja, i kinofilmen Vitello trenger en far, som òg finst som teikneserie på NRK Super.

Eg starta som seksåring, seier Vilma.

Då gjekk eg glipp av den største rolla, fordi eg ikkje klarte å seie s.

Vilma hadde nemleg mist framtennene, og då er det vanskeleg å få alle lydane heilt riktig. Tennene kom tilbake og det gav henne fleire jobbar.

Kvifor høyrast stemma mi annleis ut på lydopptak? Les meir om dette nedst på sida.

Stemma skal passe perfekt til teikningane

Det er mykje ein må tenke på når ein skal dubbe. Grunnen til ein dubbar teiknefilmar er fordi filmen har eit anna originalt språk. Då er filmen teikna etter det språket. Når ein skal snakke norsk er det ikkje alltid teikningane passar med det norske språket. Då må ein jobbe hardt for å få det til å passe.

Tonefall og lange setningar er det som kan vere vanskeleg. Om eg slurvar må eg gjere det om att, heilt til det sit som det skal.

Å vise kjensler

Det som sikkert mange skodespelarar synest er vanskeleg er å vise kjensler.

– Slik som å le naturleg – det kan vere vanskeleg, seier Vilma.

– Men eg får det som regel til.

Gjekk på kino og høyrde seg sjølv

I tillegg til å tene pengar, er det morsomaste med dubbinga å høyre si eiga stemme.

Då eg var på kino og høyrde meg sjølv i Vitello trenger en far, vart eg stolt. Det var rart å høyre si eiga stemme på dei store høgtalarane.

Kvifor er stemma mi annleis på lydopptak?

Når vi snakkar, er det ikkje berre gjennom lufta at vi oppfattar vibrasjonane frå stemmebandet. Vibrasjonane går gjennom knoklane, musklane og væska i hovudet vårt. Då forsterkast den djupaste delen av lyden, slik at stemma høyrast djupare og meir dempa ut. Det andre høyrer er lysare og skarpare. Dette er grunnen for at stemma di høyrast annleis ut på lydopptak