Bokbuss sprer glede i krigsherja Kabul

Kvar dag køyrer ein blå buss rundt i gatene i Kabul. Med seg har den 500 bøker til byens unge leseløver.

Den irakiske studenten Frestha Karim studerte i England då ho bestemte seg for å gi barna i heimlandet ein sjanse ho sjølv aldri fekk, skriv Verdens beste nyheter.

Ho starta prosjektet «Charmaghz», som er ein rullande bokbuss for barn. Dei frivillige som jobbar på bussen gir også barna lesehjelp og høgtlesing. Nær halvparten av ungane i landet manglar skulegang. Etter over tretti år med krig er Afghanistan eit av verdas fattigste land.

– Eg håpar dette kan få barna til å gløyme krig og smerte, seier Karim i eit intervju til nyhendebyrået AP.