– Hoppar av meg nervøsiteten

Heilt sidan han var 9 år har Leo stått på scenen. No er han 13 år, og klar for å hoppe av seg nervane på Melodi Grand Prix Junior.

– Fyrste gong eg stod på scenen var på ei ungdomsscene på Stovner, då kjente eg for fyrste gong på nervøsitet. Eg var spent og kjente eg vart sveitt i hendene. Då måtte eg finne ein måte å handtere det på for å roe meg ned. Då bestemte eg meg for å tenke på at dei som ser på, ikkje er noko annleis enn meg sjølv. Dei er ikkje farlege. Dei er vanlege ungdommar som meg sjølv, fortel Leo som har tatt artistnamnet Fyah Yardie.

Leo kjem frå Stovner i Oslo og har stått på fleire scener og fritidsklubbar. Med mykje øving og erfaring har han blitt ein meister i å handtere nervøsitet.

– Når eg går på scenen plar eg å få augekontakt med dei eg kjenner som er i publikum, det gir meg tryggleik og ro, etterkvart prøver eg å sjå på alle andre som er i salen også, seier han sjølvsikkert.

No som han er eldre kjenner han nesten ikkje på nervane lenger.

– Eg er ikkje nervøs eigentleg. No er eg berre spent, men eg må framleis pumpe meg opp så eg plar hoppe av meg nervane. Litt som ein boksar i bokseringen gjer seg klar for kamp. Når eg hoppar opp og ned bak scenen er eg klar for å gå inn til publikum.

Og i kveld må han hoppe ekstra høgt og sjå ekstra mange inn i augene, for saman med 9 andre finalistar i MGPjr, skal han synge på Norges største scene, Telenor Arena, som har plass til 25.000 i salen!

– Vi er flinke til å støtte og heie på kvarandre, så i kveld blir det berre gøy, smiler han.

Leo “Fyah Yardie” sine beste tips når du skal opptre:

  • Lat som publikum ikkje er der, då blir det mindre skummelt.
  • Gjer eit fast rituale før du skal på scena, for eksempel hoppe opp og ned.
  • Sjå på dei du kjenner i salen og sjå dei i augene, det kan gi deg ro.
  • Hugs at det er lov å feile og å prøve igjen.