Burde me ha aldersgrenser?

Sosiale medium har mange gode fordelar. Det er til dømes lettare å kommunisera og formidla noko til mange på ein gong. Det er dessverre mange som misbrukar sosiale medium. Derfor er det aldersgrenser for kven som kan bruke det.

Aldersgrensene er som oftast 13 år. Det er mange barn som bryt denne aldersgrensa og mange andre aldersgrenser.

Eg syntest ikkje det burde vere aldersgrenser på sosiale medium. Det er fordi at alle er forskjellige. Nokon er veldig modne og ansvarsfulle sjølv om dei er ganske unge. Nokon derimot lagar berre drama og styr ut av alt på sosiale medium. Poenget mitt er rett og slett at nokon kan vere vaksne nok; alt frå då dei er under 10 år, men andre kan det hende at ikkje blir vaksne nok før dei er meir enn 16.

Eg syntest ikkje barna sjølv burde bestemme når dei skal få sosiale medium. Eg syntest at nokon som veit litt betre burde bestemma. Altså: Foreldrene! Dei kjenner barnet veldig godt og veit kva som er best for dei. Då vil dei få sosiale medium når dei er vaksne nok.