Nevøen til fredsprisvinnar spelar for Tromsø IL

Tromsøspelaren Mushaga Bakenga er onkelbarnet til fredsprisvinnaren.

Mushagalusa “Mushaga” Bakenga Joar Namugunga er ein norsk-kongolesisk fotballspelar som spelar for Tromsø Idrettslag.

– Vant onkel, er du seriøs? seier Mushaga til NRK på veg inn i garderoba. Han har nettopp fått vite at onkel Dennis Mukwege har fått fredsprisen saman med Nadia Murad.

Dennis Mukwege er lege og har spesialisert seg på å behandle kvinner som er blitt valdtekne. I 2008 mottok han FNs menneskerettighetspris.

– Det er fortent. Eg har alltid sagt at han og bestefar er dei største førebileta mine. Det han har gjort for kvinner i løpet av lang tid, og sjølv fortsatt å kjempa, gjer meg stolt.