Fredsprisvinnarane er klare

Fredsprisen går til Mukwege og Murad. Kvart år blir det delt ut ein fredspris, som har namnet Nobels fredspris. Prisen skal gå til ein person eller ein organisasjon som jobbar for fred.

Den kongolesiske gynekologen Denis Mukwege og IS-overlevande Nadia Murad får årets Nobelspris.

Dennis Mukwege er lege og har spesialisert seg på å behandle kvinner som er blitt valdtekne. I 2008 mottok han FNs menneskerettighetspris.

Nadia Murad blei kidnappa av IS – Den islamske staten, og klarte å rømme frå fangenskap. Ho har etter denne opplevinga fortalt verda korleis dette var, og har gitt ei stemme på offer for valdtekt og mishandling.

Kva er fredsprisen?

Nobels fredspris er ein årleg pris som blei oppretta av Alfred Nobel.  Alfred Nobel var ein svensk kjemikar, ingeniør og oppfinnar. Det er fem Nobelsprisar som Alfred etablerte i sitt testamente. Det er prisar i fred, fysikk, kjemi, litteratur og medisin.

Vinnaren får ein medalje, eit diplom og ein pengesum. Pengesummen har variert frå år til år.

I fjor var det organisasjonen ICAN, som jobbar mot atomvåpen, som fekk prisen. I 2016 gjekk prisen til Colombia sin president, Juan Manuel Santos, for arbeidet hans med å få slutt på ein 50 år gamal borgarkrig i landet.

Prisen blir utdelt kvart år, 10. desember, datoen då Alfred Nobel døde. Seremonien er i Oslo rådhus. Det er også ein stor konsert, Nobelkonserten, der kjende artistar hyllar prisvinnaren.