Milliardar skal fordelast

I dag presenterte finansmininster Siv Jensen planane for statsbudsjettet 2019.

Kva er eit statsbudsjett?

Statsbudsjettet er laga av regjeringa. Statsminister Erna Solberg si regjering har jobba i lang tid med å finne ut korleis pengane i Noreg skal fordelast.

I statsbudsjettet står det skrive kva regjeringa vil bruke pengar på neste år. Milliardar av kroner skal fordelast på nye skular, sjukehus, politi, kino, symjehallar og vegar, ja, alt som ein treng pengar til for å halde Noreg i gang.

Nokre saker frå statsbudsjettet

  • Regjeringa vil auke antal kvoteflyktningar, og ta imot 3000 flyktningar neste år.
  • Sukkeravgifta skal reduserast. Det blir derfor litt billegare å kjøpe godteri. Dette gjeld ikkje brus og saft.
  • Regjeringa foreslår å auke pengar til sjukehusa med 1,35 milliardar.
  • Kongehuset får meir pengar. Frå 357 til 433 millionar.
  • Regjerninga vil at familier og bedrifter får større økonomisk friheit ved å redusere skattar og avgifter. Då blir det meir attraktivt å skape arbeidsplassar og meir lønnsamt å jobbe.
  • Klimagassar har aldri vore lavare sidan 1995. Budsjettet for 2019 har ein tydeleg grøn profil. Her vil jernbane, CO2-utlepp og hamneområder bli betra.
  • Barnefattigdom skal minke. Barnefamilier med låge inntekter og høge utgifter får auka bustøtte. Det er viktig at fleire barn skal bu trygt og godt.
  • Barnetrygda vidareførast som i dag med 970 kroner per månad.

Før statsbudsjettet skal gjelde må Stortinget godkjenne budsjettet.

Eit budsjett som betrar vår kvardag, vår tryggleik og vår framtid.

Sitat: Siv Jensen, finansminister

Framtida junior oppdaterer saka.