No blir det billigare godteri

Når du kjøper godteri går litt av pengane direkte til staten. No skal denne avgifta minkast.

I følgje statsbudsjettet skal sukkeravgifta endrast, men det gjeld ikkje for brus og saft.

I fjor då Siv Jensen presenterte statsbudsjettet for 2018, altså i år, kom det fram at godteri skulle bli dyrare. Dei la på ei avgift som blei omtala som sukkeravgifta.

Men i det nye statsbudsjettet skal altså denne sukkeravgifta minkast.

Om stortinget godkjenner statsbudsjettet vil det bli litt billigare med godteri i 2019.

Synest du det er bra at godteri blir billeggare?

Synest du det er bra at godteri blir billeggare?

Ja70
Nei35
Veit ikkje34
Svar totalt: 139