– Klart eg kan er ein dokumentarserie fylt av meistringsglede og draumar som går i oppfylling. Målet med serien er å få born til å tru på seg sjølv og at dei kan klare mykje, skriv prosjektleiar Kjellrun Lavik i ei pressemelding.
Flytur heilt åleine
Eva-Lovise (7) vil besøke bestemor og har bestemt seg for at ho vil klare å ta fly åleine. Ho gruar seg fordi ho er redd det skal bli turbulens og at flyet skal riste, men ho har veldig lyst til å klare det.
Skal sprengje fjell
Theodor elskar å vere med besten på jobb. No skal 7-åringen få vere med å sjå når besten sprengjer fjell. Theodor har gleda seg lenge, men han vert redd av den høge tutelyden besten må lage for å varsle folk om sprenginga. Vil han tore å vere med likevel?
Åtte nye episodar
No kjem altså åtte nye episodar. Serien vert lagt i NRK Super sin nettspelar kvar tysdag frå og med 9. oktober, episodane vert også sendt på barne-tv same dag, om lag klokka 1820.
NRK Sogn og Fjordane har sidan 2011 produsert Klart eg kan.
Klart eg kan viser mangfaldet. Her får ein sjå born sin kvardag utanfor dei store byane og borna snakkar nynorsknære dialektar.