Ei pappeske full av fantasi

Gir du tape, kniv og ei pappeske til brødrene Raun (8) og Birk (11), får du gjerne ein tanks eller robot tilbake. Dei elskar å byggje morosame ting.

Brørne byggjer mykje rart av pappeskene som kjem inn dørene i heimen.

No er det ein heilt spesiell ting dei har lyst til å lage i lag.

Vi har sett ein YouTube-film av nokon som laga skipet Titanic av esker. Det vil vi lage! seier Birk.

No ventar dei på høve til å handle fire røykbomber, for det kan vere skorsteinane på det store skipet.

ROBOT-RAUN: På robotane lagar Raun gjerne knappar som andre kan trykke på. Då skjer det noko. Roboten kan byrje å danse, skyte fantasi-lyn, og bli til ein fantasi-flamme. FOTO: Liv Astrid Hesjedal

På YouTube-filmen hadde dei tre skorsteinar, men den ekte Titanic hadde fire, så det skal vi ha, seier Raun.

Fortnite-bord

Både Raun og Birk laga seg eit slags eske-skrivebord dei kunne sitte oppi for å spele Fortnite.

Vi hadde ei stor eske kvar som vi skar hol i, så sette vi oss oppi, og hadde tastatur og alt vi trong for å spele oppå eska, fortel Birk.

Den gongen sette ingen av dei seg fast i holet, men det har skjedd det óg.

I dag skulle eg sjå om eg kunne bruke roboten til Raun, men sette meg fast. Eg kom meg inn, men ikkje ut, seier Birk.

Lagar andre ting også

Det er ikkje alltid dei bruker esker.

Ein gong laga vi ei arbeidsteikning av ein flåte vi skulle lage av ein palle og isopor, fortel Birk.

Det var lurt å teikne det dei skulle gjere. Då vart bygginga enklare.

BIL: Dei laga ein bil der dei nytta rullebrett til å komme seg framover. – Eg kjem på ideane sjølv, og byggjer i grunn det eg likar, seier Birk. FOTO: Liv Astrid Hesjedal

Eg likar å planlegge, og å teste ut ting. Eg tok for eksempel ut motoren frå legokranen for å bruke den i andre ting, seier Birk.

Med motoren laga han ein museklikkar, altså ein maskin som kunne klikke på datamusa mange gongar i sekundet.

Den museklikkaren jobba eg lenge med. Til slutt fekk eg den til å trykke 13 gongar kvart sekund, fortel han.

Elles har han også brukt motoren til å lage eit rulleband som kunne frakte legoklossar ned i ein lastebåt.