Å ta vare på kvarandre er viktig

Menneska må ta på kvarandre, uansett kva religion, kultur eller livssyn dei personane følgjer. Folk er avhengige av kvarandre. Kanskje dei bare vil ha nokon å snakka med, eller nokon som kan hjelpe seg.

For mange gløymer at eit fint ord, smil eller eit kompliment kan endre alt. Dette er noko alle

burde hugse. Det er så viktig å kunne få inn dei fine orda når det trengs.

Kvart år drep ca. 800.000 personar seg sjølv på grunn av at folk har oversett han/ho, og ikkje kome med dei fine orda når den personen trengte det mest. Og fleire blir det viss folk fortsett å ignorere dei som har det dårleg. Dette er ikkje greitt! 800.000 er for mange, det burde ha vore 0. Tenk på dette før du seier noko stygt til nokon!

Viss du ser personar som verkar deprimerte eller triste, prøv å snakke med dei. Ta vare på dei, vis dei omsorg, alt dette kan gjere ein forskjell. Kanskje vennane dine mobbar ein person? Det betyr ikkje at du må gjere det same. Du kan heller hjelpe den personen og stoppe dei som mobbar han/henne.

Tenk før du gjer noko dumt, ikkje etter. Dette kan redde fleire liv!