Sigurd (12) redda gut frå å drukne

– Eg er overraska over at alt var så stille, seier Sigurd.

Då Sigurd høyrde eit rop om hjelp kasta han seg ut i innsjøen.

– Eg sprang på steinane, utan å tenkje på kvar eg trakka, fortel Sigurd til Framtida Junior.

Etter nokre svømmetak var han framme, og fekk guten opp til vannflata.

– Vi har lært oss at drukning ikkje er slik du ser det på film, det kan gå veldig stille for seg, fortel mammaen Siw Eriksen til KK, som fyrst omtalte saka.

Dukka under

I juni var familien i Nesparken i Moss, saman med vener – då dei såg ein gut som svømte utover mot ei flytebrygge i innsjøen. Den var ikkje langt frå land, men likevel får guten problem. Han snudde, og svømte mot land.

– Han bevegde armane utan å kome seg av flekken. Guten ropte til ei kvinne på land på eit framand spåk. Kvinna gjekk ikkje ut i vatnet, så vi vart usikre på kor alvorleg situasjonen var, seier Siw.

Då guten dukka under vatn, to gongar heilt under, reiste Siw og venene seg opp. Siw ropte til Sigurd at han måtte hoppe ut i vatnet.

Redd for Sigurd

Sigurd hadde badeklede på, og hoppa. Då han starta å svømme vart Siw redd. Ho hadde høyrt at folk som druknar kan dra andre med seg ned om dei har panikk.

– No etterpå ser eg at det vart eit altfor stort ansvar å gje Sigurd, men alt gjekk så fort at vi ikkje rakk å tenkje klårt, seier Siw.

Både ho og venninna stod klare til å hoppe ut viss Sigurd skulle trenge hjelp.

Svimmel og kvalm

– Sigurd hjelpte guten, som var om lag like gamal som han sjølv, til land.

Guten fortalte at han plutseleg vart svimmel og kvalm i vatnet, og at han ikkje klarte å puste skikkeleg.

– Eg tenkjer på kva som kunne skjedd med guten om eg ikkje hadde redda han, seier Sigurd.

Fleire ulykker

KK har snakka med generalsekretær Rikke Lind i Redningsselskapet som seier at  det er ei auke i drukningsulykker så langt i år.

– I dei fem fyrste månadane i 2018 har 37 personar drukna. Viss vi samanliknar med same tid i fjor, er det ni fleire som har drukna i år, seier ho.