Anders Totland sa opp jobben og blei forfattar

Anders Totland (31) har skrive boka «Den norske slavehandelen».

– Då eg var liten, høyrde og las eg om eg slavehandelen. Men det var ingen som fortalde meg kor mange nordmenn som var med. Langs kysten av Afrika var det på det meste seks dansk-norske fort som blei brukt til slavehandel, fortel Anders Totland om den nye boka.

Han trur boka hans vil treffa særleg gutar frå 5.klasse og til og med ungdomsskulen.

Fekk kronprinsessa til å grina

Forfattaren fekk kronprinsessa til å hulka av den første ungdomsboka hans skreiv, Engel i snøen. På under to og eit halvt år har han gitt ut fem bøker. Seinare i haust kjem han med si sjette bok, ei ny ungdomsbok.

No har han byrja å skriva bøker på heiltid, i tillegg besøker han fleire skular og fortel om bøkene sine.

Samlar på gode historier

– Når eg skal formidla kunnskap om eit emne, er formidlinga det viktigaste. Samstundes må ein tenkja heilt annleis enn med skjønnlitteratur. Ein må gi ei innføring i temaet, og forsøka å samla historier som passar dei eg skriv for.

– Det er gøy å skriva for born og unge, seier Anders.