ENGELSK: Språket er i endring. mange engelske ord har blitt vanlege i det norske språket. Foto: See-ming Lee/Flicr

Ta utgangspunkt i: OMG! Du er så LOL!

Skriv ei forteljing eller ei novelle til Framtida junior (kan godt vere fantasi) som handlar om nokon som misforstod kva forkortinga betyr. Kjenneteikn på gode korte forteljingar eller noveller er:

  • ho er kort, få personar
  • ho startar ofte in medias res, ein «pangstart» om ein vil, vi kan hoppe midt inn i handlinga
  • Slutten kan gje rom for fleire tolkingar
  • Vi brukar ofte frampeik, at vi får hint tidleg i novella, om kva som kjem til å skje

Til læraren

  1. Gå gjennom lista med engelske forkortingar. Kjenner elevane alle? Kvifor trur dei at det er populært med forkortingar, særleg blant unge? Les teksten. Veit elevane om fleire forkortingar kan de skrive dei på tavla.
  2. Lag eit tankekart for korleis du kan skrive novella: Bestem deg for ei eller fleire av forkortingane og finn ut kva som kan vere hovudpoenget i novella – korleis kan denne forkortinga misforståast?
  3. Kven handlar novella om? Er personane unge, gamle, venner eller ukjende? Kven skal vere hovudperson, og skal det vere denne personen som har forteljarstemma, eller skal det vere nokon andre?
  4. Novella skal ha ein tittel, ei innleiing som startar midt i handlinga og skal innehalde eit frampeik. Hovuddelen skal byggje opp stemninga mot misforståinga, i vendepunktet blir misforståinga oppklara. Skal du ha ei eller to moglege avslutningar? Blir alt oppklara? Bruk gjerne google docs i arbeidet. Bruk læringspartnar eller gje undervegsvurdering på innhald, oppbygging og rettskriving.
  5. Til diskusjon: Trur de at de kjem til å bruke slike uttrykk når de blir vaksne? Trur de det kjem nye forkortingar eller ord frå engelsk som kjem til å bli adoptert inn i det norske språket? Veit de om nokre ord som vart tekne inn i det norske språket frå andre språk allereie då besteforeldra dykkar var små, og som har forandra skrivemåte og blitt fornorska (juice – jus, genre – sjanger …)? På Språkrådet sine sider ligg tips til mange slike ord, og innspel til diskusjonen: Engelske importord i norsk