Starta ferien som vikingar

Sol F. Legernæs (10) og Viljar F. Legernæs (12) forvandla seg til vikingar saman med foreldra då skuleferien starta.

Viljar fekk eit lag med teatersminke før han skulle ut på scenen.

I sommar var dei med på vikingmusikalen Kongens ring, som tek oss tilbake til år 1027. Det er sommar og Ragnar Herøyhovding og kona, Inga, har valt ut kven dottera, Unn den fagre, skal gifte seg med. Men ho vil ikkje gifte seg med kven som helst, og stikk av med villmannen Karl Mørke, som ho er forelska i. Ting er ikkje så lett når både sjalusi, magi, krangling og splid dukkar opp.

Sommarens høgdepunkt

Sol og Viljar har vore med i seks år. Og dei gler seg allereie til neste år.

Å vere med i Kongens ring er absolutt eit av sommarens høgdepunkt, seier Sol.

I år fekk Sol ei viktig oppgåve. Nemleg å blåse i bukkhornet då nokre vikingar skulle duellere i holmgang.

Det var litt vanskeleg, men eg har gått i korps, så det gjekk eigentleg fint, seier ho.

Holmgang var ein måte vikingane møttest og kjempa heilt til ein av dei enten overgav seg eller døydde.

(Artikkelen held fram etter bilete).

Sol fekk blåse i bukkehornet under framsyninga. her saman med regissør Gerald Pettersen.

Alt skal sjå ekte ut

Det kjekkaste var å vere med på holmgangen, seier Viljar.

I år hadde han vakse seg så høg, så han fekk vere med på å danne ringen av menneske som var holmgangen. Dei som stod og heia på dei to som skulle slåst.

(Artikkelen held fram etter bilete).

Viljar under holmgangen. Han fekk vere ein av dei som heia fram vinnaren under holmgang.

Alt i Kongens ring skal sjå ut som det gjorde på den tida då vikingane levde. For at dei skulle bli ekte vikingar blei dei kledd opp i tøy slik vikingane gjekk kledd. Skinnsko, ullbukse og ullskjorte.

Men dei slapp heldigvis å ete vikingmat i pausene. – Då var det grillmat, seier Sol.

Fekk nye vener

Når 200 personar møtast for å lage Kongens ring, seier det seg sjølv at ein blir kjend med nye folk fortel dei. I tillegg til at mange rundt omkring i bygdene er med på spelet, var det også ein del profesjonelle skodespelarar med.

– Det er veldig kjekt å jobbe og snakke med proffe folk, fortel Viljar.

Neste år håpar Viljar at han får ei større rolle.

Det hadde vore kjekt å vere flaggberar til hirden, seier han.

Kongens ring er ein vikingmusikal frå sagaøya Herøy på Sunnmøre. Dette skjer alltid fyrste helga i juli kvart år.