Norske skular har brote mobbelova

Fleire skular har ikkje gjort det dei skal etter at det i fjor kom ei ny lov som skulle minke mobbing blant elevar.

Det er NRK.no som skriv dette.

I fjor kom ei ny endring i opplæringslova som seier at elevar og foreldre kan klage til Fylkesmannen, dersom skulen ikkje gjer noko med ei mobbesak innan fem dagar.

Eit år etter endringa har fylkesmenna i Noreg fått over 1000 meldingar, der 590 av dei har blitt registert som lovbrot.

Ordforklaring

Ein fylkesmann er staten sin representant i fylket, og har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og regjeringa.