Trafikklys med kjole

No vil byrådet i Brimbank i Australia søkje om å få kvinnelege "gå" og "ikke gå"-trafikklys.

Borgarmeister Margaret Giudice seier at forandringa vil “vise kvinner og jenter at dei er viktige og verdsett i samfunnet”, skriv Kids News.

Men det er ikkje alle som er einige. Motstandarane meiner kommunen heller burde tenkje på å plukke søppel og fikse vegane.

Det finst kvinnelege trafikklys i Australia frå før. Landets først lys vart sett opp i byen Richmond i mai 2016.