Oppgåver om vikingane

Les gjennom artikkelen Vikingen - ein superhelt og bonde, og svar på spørsmåla.

Kompetansemål

Samfunnsfag, etter 7. steg

  • Fortelje om hovudtrekk ved samfunnsutviklinga i Noreg frå vikingtida til slutten av dansketida og gjere nærare greie for eit sentralt tema i denne perioden
LES FAKTALUKK FAKTA

Les artikkelen: Vikingen – ein superhelt og bonde.

Svar på spørsmåla

  1. Kva blir sett på som starten på vikingtida?
  2. Kva levde vikingane av?
  3. Kvifor var smeden populær?
  4. Kva for nokre av vekedagane er kalla opp etter dei norrønne gudane (æsene)?
  5. Kven kristna Noreg?
  6. Kva har vi funne i vikinggraver som fortel oss om deira livssyn og måte å leve på?

Diskuter / Søk opp

  1. Med jern kom også moglegheita til å bygge gode båtar. Kvifor var jern så viktig for å få til dette?
  2. Finn ut kva verk Snorre Sturlason skreiv.
  3. Finn ut kva dei ulike æsene/gudane var gudar for.
  4. Kva ville skje om vikingane segla for langt ut på kanten av verda?