Omkamp mellom VM-laga til Noreg og Brasil

I 1998 laga det norske herrelandslaget i fotball historie. Dei slo Brasil 2-1. 20 år etter møtast dei igjen. Til omkamp.

Kjetil Rekdal fekk inn det andre målet i straffespark. Noreg slo Brasil 2-1. (Foto: Skjermdump, YouTube)

Heltane frå VM i 1998 møtast på Ullevaal stadion i Oslo, 9. juni.

Tore André Flo og Kjetil Rekdal var målskårarane. Det Brasilianske målet var det Bebeto som stod for.

Dette blir spanande. Mange av dei norske spelarane er kanskje ikkje i toppform som dei var i 1998.

Stillinga blei 3-0 til Brasil.

Dei norske spelarane er:

  • Egil “Drillo” Olsen – Trenar
  • Kjetil Rekdal – midtbanespelar
  • Tore André Flo – Angripar
  • Jahn Ivar “Mini” Jakobsen – Angripar
  • Frode Grodås – Keeper/kaptein
  • Stig Inge Bjørnebye – Forsvarar
  • Gunnar Halle – Forsvarar
  • Håvard Flo – Angripar
  • Dan Eggen – Forsvarar
  • Erik Mykland – Midtbanespelar
  • Vidar Riseth – Midtbanespelar
  • Roar Strand – Midtbanespelar
  • Øyvind Leonhardsen – Midtbanespelar
  • Jostein Flo – Angripar
  • Ronny Johnsen – Forsvarar
  • Thomas Myhre – Keeper
  • Ståle Solbakken – Midtbanespelar
  • Henning Berg – Forsvarar