Å tenke gode tankar

Helsesyster svarar på spørsmål som du har. Denne gongen skriv ho om det å ikkje føle seg bra nok, og det å tenke gode tankar.

Skriv til helsesyster

Still spørsmål til helsesyster og få svar i Framtida junior.

Skriv til helsesyster@gmail.com

LES FAKTALUKK FAKTA

“Eg er så dum”, “dette får alle andre til”, “eg er ikkje like fin som dei andre”, “skulle ønske eg også var…”

Dette er tankar dei fleste av oss har hatt på dårlege dagar. Eg trur det er lurt å minne seg sjølv på at ALLE har dårlege dagar. Mange føler seg veldig åleine når slike tankar kjem, men du kan i alle fall vere sikker på at du ikkje er åleine om desse tankane.

Øv deg på å tenke positivt

Det er faktisk lurt å øve seg på å seie bra ting om, og til seg sjølv. På same måte som det er bra å seie bra ting om, og til, andre. Tenk på gode opplevingar i kvardagen.

Var det sol då du vakna? Åt du ein god frukost? Skal du sjå noko kjekt på TV i kveld? Gler du det til musikktimen? Eller til friminuttet?

Når ein har det bra med seg sjølv, er det også lettare å vere god mot andre.