Om å gi og få gode råd

Kva tid bør ein go råd? Kva tid bør ein søke råd? Og kor enkelt er det eigentleg å be andre om råd? Me har fått gode tips frå psykolog Solfrid  Raknes.

Når du lurer på om du skal gi råd:

  • Prøv å forstå kva den andre føler og tenkjer før du gir eit råd.
  • Bruk medkjensla di. Lev deg inn i det venen din ber om råd om, tenk på og kjenn etter korleis det hadde vore for DEG i den situasjonen.
  • Gi uttrykk for at du forstår venen din sine følelser. Vis medkjensle. Sei at du forstår, og set ord på det du tenkjer. Ofte er det nok å berre bli forstått i ein vanskeleg situasjon.
  • Viss du kjem på lure ting venen din kan tenke eller gjere i situasjonen, prøv å foreslå det. Det er ikkje du som bestemmer korleis venen din skal takle situasjonen, men du kan kome med forslag.
  • Viss du synest det er vanskeleg å setje deg inn i situasjonen til venen din, må du tenkje på om rådet ditt vil gjere situasjonen verre eller betre.
  • Det kjem sjølvsagt an på kva situasjonen handlar om – om det er noko alvorleg som har skjedd, eller du syns det er vanskeleg å gje råd, snakk med ein vaksen.

Kva tid bør eg søkje råd:

  • Når du blir plaga av følelsane dine.
  • Når du ikkje veit kva som er lurt å tenkje eller gjere.
  • Om det er ei vanskeleg eller viktig oppgåve du skal løyse. Som til dømes om du ser at nokon blir mobba, og du lurer på kva du skal gjere for å hjelpe.
  • Viss nokon har fortalt deg ein vond hemmelegheit.
  • Viss du har prøvd å løyse ei oppgåve, men står fast og ikkje kjem vidare.

Kven skal du søke råd hos?

  • Tenk over kven du søkjer råd hos ut frå kva du lurer på.
  • Vel nokon du stoler på, ein person som du trur kan hjelpe deg på ein god måte.
  • Snakk med ein god ven eller klassekamerat, foreldra dine, andre i familien, helsesøster, læraren din, eller andre vaksne du stolar på.
  • Kjenner du at du ikkje har nokon rundt deg du kan snakke med, ring alarmtelefonen for barn og unge. Telefonnummer: 116 111.