Vart etterlaten av foreldra då ho var fire år

I Kenya er eitt av ti barn under 21 år funksjonshemma. Jacinta (18) måtte amputere begge beina.

Jacinta blei fødd med polio. Difor måtte ho fjerne beina. Faren bestemte seg for å reise frå den vesle jenta då ho var fire år, fordi han meinte ho var ubrukeleg. Han var sikker på at det kvilte ei forbanning over henne. Mora måtte følge det faren bestemte. I Kenya er det mange som trur at ei funksjonshemming er ei forbanning frå gudane.

Har vondt

No bur Jacinta saman med fosterforeldra sine. Ho har også ei foster-bestemor. Det ho tenkjer mest på no om dagen er dei nye protesene som ho gler seg til å få.

– Desse protesene er for små no, og det er ganske vondt å bruke dei. Men eg ikkje noko alternativ enno, fortel Jacinta.

Ho ventar på nye bein frå Save the Children, og gler seg til å få dei.

– På skulen må vener bere meg rundt. Elles er eg her heime, fortel ho.

Vil hjelpe andre

Jacinta vil studere juss når ho blir eldre.

– Eg vil vise at vi som er funksjonshemma kan bli verdsett. Eg vil hjelpe andre fordi vi alltid blir forsømt. Folk trur vi er ei forbanning for familien. Det var det min far trudde, seier ho.
Ho meiner at alle bør bli akseptert.

– Eg kan gjere mykje. Til dømes syng eg gospel kvar sundag. Der har eg den høgaste stemma, fortel ho.

Hjelp å få

I Turkana, som er ein region i Kenya, bur det meir enn ein million menneske. 0,6 prosent av desse lever med ei funksjonsnedsetting. Barn med funksjonshemming blir ofte skjult. Dei blir haldne innandørs, og i verste fall etterlaten av foreldra sine.

– Heile 16 prosent av alle funksjonshemma barn i Kenya er ute av skulen, fortel Amar Bokhari, utanlandssjef i Redd Barna.

Redd Barna jobbar i Turkana regionen for å endre negative haldningar i samfunnet. Dei vil vise barna at det er mogleg å nå langt i livet – sjølv med ei funksjonshemming.

– Vi gjer det lettare å bruke rullestol på skulane, driv haldningsendrande arbeid i lokalsamfunnet og oppmuntrar foreldre til å sende barn til behandling, fortel Amar.

Fekk fosterforeldre

– Monica, som er Jacintas fostermor, har passa på ho siden faren og mora reiste frå henne, fortel Elisabeth som er foster-bestemor for Jacinta.
Monica, som såg eit barn som trengte hjelp, ba foreldra om å få ta vare på Jacinta.

– Mora elska framleis Jacinta. Det var faren som ikkje ville behalde barnet. Mora kjem på besøk, og er blitt ein god ven av familien.

Etter operasjonen såg også faren at Jacinta klarte seg bra, så då ville han møte ho. Men det ville ikkje Jacinta.

Forster-bestemora veit kva ho skal svare om ho møter nokon som vil forlate eit funksjonshemma barn.

– Då vil eg fortelje at vi også har eit barn med spesielle behov, og at vi bestemte oss for å sende ho til skulen. No kan ho gjere akkurat det andre kan gjere.