– Nokon baksnakka meg etter dusjen

Vi har snakka med elevar i 3. og 8. klasse på Skånevik skule. I 3. klasse har dei dusjing etter gym for fyrste gong i år. I 8. klasse har dei både gode og vonde opplevingar i garderoben.

Thalia Sandanger (14) 

FOTO: Janne Nerheim

Dusjar du etter gymtimen?

1: Det kjem an på kva dag det er. Onsdagar har vi gym i dei to siste timane, så då dusjar eg heime. Fredagar kjem det an på kva me gjer i gymmen, om eg blir sveitt eller ikkje.

Syns du det er greitt?

2: Nokon baksnakka meg i 7. klasse etter at vi dusja saman. Dei kommenterte låra og magen min. Dei sa også at eg hadde mykje hår på kroppen.

Er det noko som er vanskeleg med å dusje etter gym?

3: No i 8. klasse går det fint. Det verkar som om dei som kom med dei kommentarane har gått lei av å snakke om det.   

Christer Winterthun (13) 

FOTO: Janne Nerheim

Dusjar du etter gymtimen?

1: Ja, alltid.

Synest du det er greitt?

2: Det er ikkje gøy å lukte sveitte resten av dagen, så det gjer eg.

Er det noko som er vanskeleg med å dusje etter gym?

3: Nei. Av og til får vi litt dårleg tid.

 

Martin Larsen Sævareid (13) 

FOTO: Janne Nerheim

Dusjar du etter gymtimen?

1: Ja, det gjer eg alltid.

Synest du det er greitt?

2: Ein vil jo ikkje lukte ille på skulen.

Er det noko som er vanskeleg med å dusje etter gym?

3: Alt går greitt, men det er ikkje alltid dusjane fungerer som dei skal.

 

Mariell Mortveit Karstensen (14) 

FOTO: Janne Nerheim

Dusjar du etter gymtimen?

1: Ja, når det er første time, så dusjar eg – men om det er siste time dusjar eg heime.

Synsest du det er greitt?

2: Det er greitt fordi alle gjer det. Då blir det litt enklare.

Er det noko som er vanskeleg med å dusje etter gym?

3: Eg synest ikkje det. Eg kan tenkje meg at det er vanskeleg for andre om nokon seier noko stygt til dei, eller kommenterer kroppen deira. Det har ikkje eg opplevd.

 

Filip Sziklas (9) 

FOTO: Janne Nerheim

Dusjar du etter gymtimen?

Ja, alltid.

Synest du det er greitt?

Eg har lyst til å dusje etter trening.

Er det noko som er vanskeleg med å dusje etter gym?

Dusjen vert ofte veldig varm, og det er forstyrrande. Det er også ein del iskalde dusjar.

 

Nora Funderud (9) 

FOTO: Janne Nerheim

Dusjar du etter gymtimen?

Ja, eg har dusjar kvar gong.

Synest du det er greitt?

Det er deilig å dusje etter treninga.

Er det noko som er vanskeleg med å dusje etter gym?

Nei. Det er ikkje alle dusjane som virkar, det kjem berre nokre få dropar ut.

 

Kamilla Tveiten (9) 

FOTO: Janne Nerheim

Dusjar du etter gymtimen?

Ja, det gjer eg alltid. Det har vel skjedd ein gong at eg ikkje dusja, men det var fordi eg hadde gløymt handkle.

Synest du det er greitt?

Det er liksom berre ein ting eg gjer.

Er det noko som er vanskeleg med å dusje etter gym?

Nei.