Flåm skule vann 1. premien under Nasjonalt digitalt lesedøgn

I løpet av lesedøgnet blei det lese 700.000 sider i nynorske barnebøker.

200 skular og nesten 10 000 elevar var med på den digitale lesefesten. 4. trinn på Flåm skule vann den gjæve 1. premien, som er 15 iPadar.

– Fantastisk

– Eg trudde det var ein aprilspøk, men så skjønte eg ikkje det heller, for det var jo 30. april, så eg måtte lese det fleire gonger, seier lærar for 4. trinn på Flåm skule, Marit Johanne Hegg.

– Me har vore veldig flinke, og me har lese mange sider. Det er fantastisk å vinne! seier elevane som stakk av med 1. premien.

LES OGSÅ: Vil nettbretta ta over papirbøkene?

Fyller 150 år

Nasjonalt digitalt lesedøgn er ein del av jubileumsfeiringa for Det Norske Samlaget som fyller 150 år i år. Målet med lesedøgnet har vore å løfte fram all den gode litteraturen som finst for born. All lesing har gått føre seg i den digitale leseplattforma Lesemeister, der elevane har hatt tilgang til meir enn 100 forskjellige bøker på nynorsk.

– Det var gøy å lese, og det var mange nye bøker som eg ikkje har lese før, seier ein av elevane. Elevane syntest òg det var veldig spanande å konkurrere med andre skular.