Snapchat – Øydelegg kvardagen til menneska

Korleis kan ein app få så mykje merksemd? Snapchat kastar bort tida mi. Tida til unge og vaksne. Han gjer deg avhengig av mobilen. Kva er grunnen til det?

Eg føler at alt i denne verda handlar om mobilen, sosiale medium, vise kva du har kjøpt, vise korleis du ser ut, eller ha lengst mogeleg snapstreak med venene dine. Me kan vel ikkje la dette fortsetje og utvikle seg til å bli verre?

Blir ein avhengig kan det gå utover læringsevne, søvn, konsentrasjon og det sosiale. Mange foreldre seier nei til mobilen på soverommet fordi den lyser. Dette er ein av konsekvensane som kjem med snapstreak.

Ein anna ulempe med Snapchat er utryggleiken. Han kan spora deg opp ved hjelp av kart, og folk du ikkje anar kven er, kan komme på døra di. Bileta du sender kan bli lagra utan at du ser det, og sendt vidare til andre utan at du veit det. Dette gjer at mindreårige ikkje får lov til å ha sosiale medium. Brukarar og foreldre må respektera aldersgrensa til Snapchat.

Det må  vere mogeleg å gjere Snapchat mindre vanedannande og gjere det tryggare for brukarar. Til døme å kutte ut snapstreak, gjere slik at det ikkje går an å lagre bilete av andre. Det Snapchat lever på er at me skal bruka appen deira, men det må vel finnast ei grense?

Dette er skrive av Sanna, som var med på Skrivekonkurransen. Vi vil poste mange av desse bidraga utover våren.