Kva tenker barna om nett vs papir?

Er det best å lese bøker på papir eller på nett?

Shubleen, Mulan og Diana likar å lese, og har erfaring både frå nettbrett og papirbøker.

–  Eg har merka at korte bøker med fargerike bilete er best på papir, for min del. På nettbrett les eg gjerne lengre bøker, seier Diana.

– For meg er nettbrett best, men eg er veldig glad i vanlege bøker også. Det som er positivt med nettbrett er at ein har alt tilgjengeleg, seier Subleen.

– Ein kan misse litt oversikta når ein les bøker på nett, seier Mulan. – Det er ikkje så lett å bla seg bak om ein må sjekke noko.

Når jentene har eigentid brukar dei mest tida på å spele spel på nettbrettet, men Diana fortel at ho er ein lesehest, og at ho les opp mot to timar kvar dag.

– Eg les mest på gamlemåten, altså på papir, men det er eigentleg fordi nettbøker kostar, medan papirbøker er gratis å låne på biblioteket.

Subleen bruker å søke opp ordet “leseforståing” og då dukkar det opp bøker som har spørsmål til teksta ho les. På den måten får ho øve seg på å bli ein betre lesar. Det kunne ho ikkje gjort på same måten med ei papirbok.

Dilemma: Berre papir- eller nettbøker

Subleen: – Då måtte eg valt nettbøker. Det er noko med nettet. Eg føler eg lærer meir når eg jobbar over nett.

Mulan: – Eg klarer ikkje velje. Eg må velje begge to. Det er heilt umogeleg å velje berre ein ting.

Diana: – Eg hadde valt papir. Garantert! Bøker på papir er best. Bøker treng ikkje internett for å gjere det spanande.

Kva likar du best? Nettbøker eller papirbøker?

Kva likar du best? Nettbøker eller papirbøker?

Nettbøker2
Papirbøker10
Svar totalt: 12

Klassediskusjon: Kva synest du er best? Nettbøker eller papirbøker?