Erik (11): – Eg vil ha mitt eige musikkstudio

Øvst på ønskjelista til Erik (11) står eit eige studio han kan øve i. Der vil han ha gode høgtalarar og alt nødvendig utstyr slik at han kan spele inn songar.

Namn: Erik

Alder: 11 år

Bustad: Skånevik

Kva hobby driv du med? Eg er trommis i band. Ellers går det i fotball, skyting og speidaren.

Når starta du? I 3. klasse

Kor ofte øver du? Kvar tysdag.

Kvifor blei det akkurat dette som blei hobbyen din?

Det er kjekt! Den eine bror min spelar trommer, så det var vel difor eg starta.

Kva er det med denne hobbyen som gjer at du framleis vil drive på?

Det er spanande å utvide med meir utstyr. Nye trommesett og alt som høyrer til.

Kva er målet ditt med hobbyen?

Eg vil få meg eit studio eg kan øve i. Der vil eg ha gode høgtalarar og alt nødvendig utstyr slik at eg kan spele inn songar.

Kva gjer du dei dagane du ikkje vil dra på øving?

Det er sjeldan det skjer. Det er helst slik at det ikkje alltid er øving, og eg har lyst til å gå.

Kva har dirigenten eller læraren gitt av tilbakemeldinger?

Han seier det er bra. Han gir mykje skryt, og seier eg held takta på ein god måte. Han seier også at eg kanskje kan vera med på skulekonsertar når eg blir litt større.

Kor god er du på ein skala frå ein til ti?

Det er vanskeleg å svare på.. Kanskje 8? Eller 9? 10? Me må jo kunne skryta av oss sjølve.

Kva må du jobbe meir med for å bli enda betre?

Eg må halde fram med å øva på dei taktene eg ikkje kan.

Kor mykje kostar denne hobbyen?

Det veit eg ikkje.

Kva vil du seie til dei som lurar på om dei skal byrje med akkurat det du driv på med?

Å spela trommer eg veldig kjekt. Det er lurt å kjøpe eit elektrisk trommesett du kan ha heime. Då blir ikkje foreldra dine så irriterte. Så gjeld det vel i grunn berre å øve meir og meir.