Prebz og Dennis treng DEG!

Prebz og Dennis skal saman med alle elevar på fjerde trinn, samle inn brukte batteri.

Foto: Miljøagentene

What? Samle inn brukte batteri? Kvifor skal dei det, tenkjer du?

For sjette år på rad arrangerer Miljøagentene denne batterijakta. Målet er å gjenvinne mest mogeleg brukte batteri og vere med på å bidra til eit større miljøfokus på skulen og i lokalsamfunnet.

I tre veker, frå 9. til 29. april, blir det batterijakt rundt omkring i heile Noreg. Den klassa som samlar inn flest batteri kan vinne 30.000 kroner, men alle som deltek er vinnarar. -Miljøvinnarar!

– Barn kan lære oss vaksne veldig mykje. Batterijakta viser at enkle tiltak har stor innverknad på det store bilete, seier Prebz og Dennis.

Om du ikkje går i fjerde klasse kan du sjølvsagt bidra. Det er heilt sikkert organisert innsamling på skulen din, om ikkje kan du gi brukte batteri til ein du kjenner som går på fjerde trinn.

Skal du finne fram batteri?

Skal du finne fram batteri?

JA!12
Nei17
Veit ikkje4
Svar totalt: 33