Vi et cirka 200 egg i året

Speilegg, kokt egg, eggerøre, eggedosis. Egga bruker vi til så mangt. Men kor mange egg et du kvart år?

I Noreg har vi faktisk over 4,3 millionar høner som sørgjer for at kvar av oss får cirka 200 egg i året, melder NTB.

– Nordmenn er eit eggetande folk, og vi et stadig meir. I 2016 vart det produsert 68 millionar kilo egg. Dette er ei auke på 38 prosent frå 1995, seier Anne Ingunn Løvberget, rådgjevar i seksjon for eigedoms-, areal og primærnæringsstatistikk i Statistisk sentralbyrå.