– Påskehistoria er ei heftig forteljing

Påska er eit vårteikn – der alt spirar og gror. Men det er òg ei svært viktig høgtid for kristne – som byrja dramatisk.

Dei ulike dagane i påska
  • Palmesøndag (25. mars 2018)

Då markerar vi at Jesus kom ridande inn til Jerusalem på eit esel. Denne dagen feirast siste sundag før påske. Namnet kjem av at folk strødde palmegreiner framfor Jesus då kan kom ridande inn i byen.

  • Skjærtorsdag (29. mars 2018)

Denne dagen minnast vi det siste måltidet Jesus hadde med dei nære venane sine. også kalt for disiplar. Vi kallar det siste måltidet for nattverden, der Jesus delte brød og vin. På skjærtorsdag blei Jesus svikta og fanga.

  • Langfredag (30. mars 2018)

Denne dagen døde Jesus på korset.

  • Fyrste påskedag (1. april 2018)

Denne dagen stod Jesus opp frå dei døde.

  • Andre påskedag (2. april 2018)

Denne dagen er til minne om då Jesus viste seg for venane sine, etter han hadde stått opp frå dei døde.

LES FAKTALUKK FAKTA

For mange er påska ei tid der ein er saman med familien og gjerne dreg på fjellet med påskeegg og appelsinar i sekken. Grunnen til at vi har påske kjem frå Bibelen, der me får høyra at Jesus døydde på korset.

Camilla Oulie Eskildsen er prest. For henne er sjølvsagt historia om Jesus viktig, men ho har òg både hyttetur, ski og påskeegg i høgtida.

Jesus blei sviken og drept

Påskehistoria er ei heftig historie, seier Camilla. Og Påska er den viktigaste høgtida for dei kristne.

I påska feirar dei kristne at Jesus stod opp frå dei døde. I påska blei nemleg Jesus fanga og hengt på korset. Det var ein normal måte å henrette folk på, på den tida han levde. Det som er så rart med Jesus sin død, var at han stod opp frå dei døde, og det er det påska handlar om.

I påska får vi vite at det gode seirar. Gud reiste Jesus opp frå dei døde. Slik kan det vere for oss menneska også. Vi kan falle og slå oss, og så får vi ei hand som hjelper oss opp igjen.

Fargar i påska

I påska er Camilla på ei gamal hytte på fjellet, og der gøymer onkel Dunn-Dunn og tante Torunn påskeegg som barna skal finne. Skitur og familiehygge er ein påsketradisjon som ho er oppteken av, og ho går også i kyrkja, og får høyre påskehistoria om Jesus.

Prestar har eit lilla band på seg før påskedagen. Det kjem av at ein ventar på den store festen då Jesus stod opp frå dei døde. På påskedagen har prestane på seg eit kvitt band som betyr fest. Men sjølv om lilla og kvitt er kyrkja sine påskefargar er gul den fargen mange forbinder med påske.

Grunnen til at gul har vorte ein påskefarge, er nok fordi påska er eit vårteikn der sola atter gir liv til jorda, seier Camilla

For meg er påska eit skille mellom vinter og vår. Litt som bibelhistoria. Om vinteren er alt dødt, men når påska kjem vaknar alt til liv igjen. Det same hende med Jesus.

Påska er aldri på ein fast dato, kvifor er det slik?

Påska er ikkje på ein fast dato kvart år, slik som julaftan er. Det er nemleg månen på himmelen som bestemmer når det er påske.

20. eller 21. mars er vårjamdøger. Påska kjem alltid etter desse datoane. Regelen seier at påskedag er sundagen etter det har vore fullmåne – etter 21. mars. I år vil det vere fullmåne 31. mars som er ein laurdag. Då vil påskedag vere 1. april som er ein søndag.