Prøv ut denne bordleiken til påskefrukosten

I påska er det mange som et frukost saman, då kan vi gjere noko ekstra ut av påskefrukosten. Her er ein leik som kan gje heile familien latterkrampe før dei er ferdige med fyrste brødskiva.

Legg «hemmelege oppgåver» under tallerkane.

Før familien set seg til bords, må du legge ein lapp under kvar tallerken.

På desse lappane står det ein beskjed på kvar av dei. (Det kan også stå fleire oppgåver.)

Når alle har sett seg til bords, kan du be alle om å kike på lappen og lese kva som står der.

Dette kan bli eit veldig, veldig morosamt måltid.

Du bestemmer kva som skal stå på dei ulike lappane, men her er nokre tips:

  • Du må reise deg og halde ein liten tale.
  • Du er ekstremt opptatt av påskeharen og snakkar om han.
  • Du syng på ein song.
  • Du snakkar om eit dataspel/brettspel som du er glad i. Snakk om ting kanskje ingen andre bryr seg om. Du må verke oppslukt!
  • Du må spørre sidemann om du kan få smake av pålegget han/ho har.
  • Du tek alltid feil glas når du skal drikke, og gjer eit stort nummer ut av det. Du drikk ikkje av det.
  • Du spør nokon om kvifor påsken ikkje er på ein fast dato kvar år. Her kan du skyte inn undervegs at det er månen som bestemmer når det er påske.
  • Du seier “Fjols til fjells” fleire gongar i løpet av måltidet.
  • Du seier “Hutte-meg-tu” fleire gongar i løpet av måltidet.
  • Du snakkar om vêret. Er det kaldt? Er det varmt? Er det lettskya, eller overskya? Er det minus? Er det pluss? Berre ver slitsam!
  • Du fortel til den yngste rundt bordet om noko som hende då du var like gamal.

Når måltidet er over, kan de gjerne kåre ein vinnar som klarte seg best gjennom heile måltidet.