Slik feirar vi påske

Vi feirar påska på forskjellige måtar. Vi tok ein prat med tre tiåringar på Majorstua skole.

Ema

I påska går familien i kyrkja der vi ber til Gud og har det gøy saman. Vi har ingen faste tradisjonar utanom å gå i kyrkja.

Naphtali

Påska for meg er å vere saman med familien og gå i kyrkja, der vi ber til Gud. Vi er i kyrkja tre dagar i påska. I tillegg får eg påskeegg med mykje godteri. Det er veldig hyggeleg med påske, for eg får vere med familie og vener.

Anders

For meg er påske å ete mykje godteri og vere på hytta der vi går på ski og leitar etter påskeegg. Det er ein tradisjon å leite etter påskeegg, og eg finn dei alltid. Stappfulle med godteri.